TEST

Er det ingen som har bruk for grønt karbon?

TEKST: HANS LAUVSTAD, KRISTIANSUND

Dette er mest tydeleg når det gjeld energi. Her skal me bort frå dei fossile kjeldene, dei svarte, over til fornybare av fleire slag. Også innan til dømes råstoff er det aktuelt å ta i bruk fornybart, grønt karbon til erstatning for det fossile. Det ser ut til at ingen spør etter grønt karbon, og det verkar som om skognæringa er heilt passiv på tilbodssida. Det er meir enn underleg.

MINST TO FUNKSJONAR I DET GRØNE SKIFTET

I heile livsfasen til trea syter fotosyntesen for at karbon blir teke frå lufta, der det er for mykje av denne gassen, og lagra i stamme, bork, rot, greiner, lauv og bar og i jordbotnen etter strøfall. Det som veks over jorda, er lagra i levande form i trea si levetid, mykje av stokken vesentleg lenger i form av t.d. bygningar. Strøet har eit langt liv i jordbotnen. Utpust av oksygen er viktig for all forbrenning.

Hovudproduktet for ein skogbrukar, tømmerstokken, som me får betaling for, kan difor seiast å vere luftrensefilteret i naturen. Rensefilter er oftast fulle av ureining og må handterast som spesialavfall. I dette tilfellet er det ikkje slik, tømmerstokken er fullt av energi og grønt karbon og er både avansert råstoff og energikjelde. I veksttida er skogen luftrensar, og produktet er grønt karbon.

SKOGRESSURSANE

Skogressursane har bygd seg opp i landet, til ei tredobling i løpet av dei siste hundre åra. Dersom eg tek rolla som sjølvgod skogbrukar, kan eg seie at det er eit godt planlagt løp for å stå klar med fornybart karbon til Det grøne skiftet.

Skogmengda i Noreg er i ferd med å passere ein mrd. kbm. og er aukande. Mengda daud ved er no meir enn 100 mill. kbm., også dette talet aukar. Det er gode tider for hakkespettar. Dette er den største skogkapitalen i historisk tid.

Tilveksten er om lag 23 mill. kbm. i året. Hogsten er 50-60 prosent av tilveksten og varierer. Sjølv med fråtrekk av naturleg avgang, er det ein stor del av tilveksten som blir lagt til kapitalen.

SKOGREISINGA

Skogreisinga i organisert form er det tiltaket som mest radikalt har auka skogmengda. Ho tok til på kysten for akkurat 70 år sidan. Aktiviteten var høg dei første tretti åra, så dabba det av fram mot tusenårsskiftet.

70 år er ei god omløpstid for hovudtreslaget gran. Det høver såleis godt med Det grøne skiftet i 2024. Det er planta gran på 2,5 mill. daa, mest på lauvskogmark langs kysten. Tilveksten er tett på 1 kbm/daa i året, og haustinga av dei eldste felta er godt i gang.

SKOGMENGDA KAN DOBLAST

I samband med skogreisinga vart det utarbeidd skogreisingplanar for dei fleste kommunane i kyststroka. Til saman vart 4,9 mill. daa vurdert som eigna for skogreising. Berre kring halvparten vart tilplanta. På den andre sida viste produksjonen seg å vere langt høgre enn det som vart lagt til grunn i planane.

På 1980 og 90-talet vart det laga tiltaksplanar for skogbruk. Her kom det også fram oversikt over nye areal som var eigna for skogbruk og treslagsskifte. Siste arealoversikt, gjort kjend i 2013, handla om areal eigna for klimaskogplanting. Rapporten var også følgd opp med kalkylar som synte trong for pengar til gjennomføring og kva for andre ressursar som måtte til. Det vart funne 9,6 mill. daa eigna for klimaskogplanting, der også ulike miljøomsyn vart vurderte. Noko var snaumark, men det meste var tresette areal. Miljøverndepartementet fekk ansvar for gjennomføringa av klimaskogplantinga. Svært lite areal vart tilplanta.

Ved hjelp av intensiv skogkultur og skogskjøtsel elles, og ved å ta i bruk dei nye areala som er vurdert og som me kjenner, er det sannsynleg at ståande kubikkmasse i skogen kan doblast i høve til det me har i dag.

BEREKRAFTIG HAUSTING

I skogbruket har me eit omgrep som heiter balansekvantum. Det kan brukast om ein eigedom, men også om all skogen i Noreg. Definisjonen er det høgste uttaket ein kan ha i ein skog til eikvar tid, utan at uttaket går ned i framtida. Ein skog der dei rette inngrepa vert gjort til rett tid, vil få høgt og aukande balansekvantum.

For Noreg er dette kvantumet no i overkant av 15 mill. m3 årleg. I høve til nivået på hogsten no på 10–12 mill. m3 årleg, er det mykje å gå på. Tiltak som vil auke balansekvantumet, er å fornye gamal skog, skifte til treslag som produserar meir, og ta i bruk nye areal. Tiltaket som vil virke snøggast, er gjødsling, som vert rekna som eit miljøtiltak.

SKOGBRUK TEK TID

Det tek lang tid frå planting til hausting av fullvaksne produkt i skogbruket. Det varierer med treslaga og med vilkåra på veksestaden. Hovudtreslaget i Noreg, gran, har ei omløpstid på god mark på 60-70 år. Dei fleste lauvtrea, som bjørk, har kortare omløpstid. Enkelte lauvtre som eik, ask, alm og også furu, kan ha lang omløpstid og bli svært gamle. Alle treslag kan bli mykje eldre enn omløpstida.

Ein konsekvens av at skogbruk krev tid, er at det også tek tid før verknaden av tiltaka viser seg. Auka forståing og aksept for at trea også gjer ein viktig jobb i vekstfasen ved å binde og lagre CO2, gjer at nyttehorisonten for skogbruket vert korta vesentleg inn. Her vil det grøne skiftet vonleg vere til stor hjelp. Det er berre å sette i gang.

BETALING FOR KLIMAJOBBEN?

Det er eit akseptert prinsipp i miljøpolitikken at den som ureinar, skal betala. Eit like naturleg prinsipp bør vere at den som reinsar, skal ha betaling. Prisen er eit spørsmål for seg. Det mest naturlege, slik eg ser det, er at ein brukar den internasjonale satsen for utsleppskvoter, EUA. I mars 2024 er denne prisen 57,17 euro pr. tonn. Ved produksjon av 1 m3 tømmer, medrekna bork, stamme, greiner, bar og lauv, stubbe og røter, er det teke opp og lagra 1 480 kg CO2. Det vert mykje pengar kvart år av denne luftreinsinga.

EIT UTVIKLINGSFOND FOR GRØNT KARBON?

Tidlegare landbruksminister og styreleiar i Det norske Skogselskap, Johan C. Løken, tek i boka «Fra sort til grønt karbon» frå 2013 til orde for eit eige fond for utvikling av grønt karbon. Pengane til fondet, som han set til 400 mrd. kroner, meiner han skal takast frå oljefondet, som i hovudsak er kysten og Oslo sitt fond. Ifølgje Løken skal fondet ikkje styrast frå Oslo, men frå eit innlandsfylke. Finansdepartementet skal ikkje ha noka viktig rolle i forvaltinga, og styringa bør ligge under eit primærnæringsdepartement, Landbruks og matdepartementet, eller fiskeri.

Eit anna alternativ som gjev minst like god meining, er å bygge opp Utviklingsfondet for grønt karbon frå betaling av CO2-bindinga frå norske skogar. Med ein årleg tilvekst på 23 mill. m3 og ein pris på 57,17 euro per tonn og kurs på 11,47 kr per euro, blir det vel 22 mrd. kr/år. Dette vil frå år ein gje gode moglegheiter til å gjere tiltak for å investere i auka skogproduksjon, og til å sette i gang utviklingsprosjekt for nytting av det grøne karbonet i stor og aukande skala.

SLUTTORD

Alle er kjende med at det svarte karbonet skal fasast ut over tid. Kor lang tid det vil ta, veit ingen. Me treng karbon. Etter kvart som det blir mindre tilgang på svart karbon, vert det aukande trong for grønt karbon. Interessa for grønt karbon er ikkje synleg, korkje på tilbodssida eller når det gjeld etterspurnad.

Denne sida av det grønne skiftet er det på tide å ta på alvor. Å bruke betalinga for den viktigaste miljøjobben skogen utfører, CO2-fangsten, vil vere ein måte å skaffe ressursar til auka karbonbinding og utvikling av næringar knytt til det grøne karbonet.

Skroll til toppen